Utlendingsnemnda sitt vedtak kjent ugyldig

Ein asylsøkjar søkte om asyl i Noreg for nokre år sidan. Det vart avdekka at søkjaren gav norske mynde ukorrekte opplysningar på søknadstidspunktet og avslag på søknad vart gitt. Søkjar var under asylopphaldet blitt far til eit born og gift med ei norsk kvinne. UNE meinte vilkåra for utvisning førelåg, men Oslo tingrett kjente vedtaket ugyldig.

Advokat Arild Birkeland stevna staten v/ Utlendingsnemnda (UNE) inn for Oslo tingrett med påstand om at utvisningsvedtaket var ugyldig. UNE viste til at brot på utlendingslova ved å gi ukorrekte opplysningar ville medføre utvisning.

Advokat Birkeland argumenterte for sin klient i høve til at eit utvisningsvedtak var uforholdsmessig pga den alvorlege verknad ei utvisning ville få for søkjar sin ektefelle og mindreårige born. Omsynet til bornet skal i fylgje Oslo tingrett tilleggast betydeleg vekt og tingretten kom til at utvisningsvedtaket var ugyldig.

Saka er p.t. ikkje rettskraftig pga anke frå staten.