Sprenging av knaus hos nabo

Ein sunnhordlending vart saksøkt av nabo fordi han etter å ha sprengt bort litt fjellmasse frå eigen eigedom også kom i skade for å fjerne ein fjellknaus hos naboen. Naboen kravde økonomiske erstatning under påstand av at sprenginga gav rett til å byggje ein mur på «skadeskaden» og at kostnaden med muren skulle bli erstatta. Tingretten var ikkje einig.

Sunnhordland tingrett grunngir avslaget med at den mur som vart bygd var langt meir omfattande enn naudsynt og retten meiner det er sannsynleg at det låg andre omsyn bak byggjinga av muren enn den bortsprengde knausen. Tingretten var einig med partane i at det som hadde skjedd var skade iht nabolova § 2, og slike skader vil vera erstatningsrettsleg verna i nabolova § 9. Eit krav føreset imidlertid eit økonomisk tap i form av redusert marknadsverdi på eigedomen. Slik verdireduksjon låg ikkje føre, meinte tingretten og frifann skadevoldaren. Advokatfirmaet Responsa AS v/ adv. Sturla Vik-Vestly representere skadevoldar som var frifunne og som fekk tilkjent erstatning av sine kostnader frå saksøkjaren. Dommen er p.t. ikkje rettskraftig.