Seminar om nytt regelverk i EU

EUs delegasjon til Noreg held 20. september eit seminar om nytt regelverk for dyr, planter og matproduksjonsskjeden under mottoet «Smartere regler for tryggere mat». Europakommisjonen vedtok i mai ein pakke med forslag til nytt regelverk som gjeld dyrehelse, plantehelse, frø- og formeringsmateriale, offentleg kontroll av dyrehald, matproduksjon mm og ny finansieringsordning. Dette er regelverksområde som i det vesentlege fell innanfor EØS-avtalen og som såleis har stor praktisk betydning for alle aktørar i matproduksjonskjeden – frå fiskarar, oppdrettar og bønder til matproduksjonsverksemder, matbuttikkar og restaurantar – frå fjord til bord. Til dømes legg kontrollforordninga sterke føringar på Mattilsynets kontrollverksemder. Dyrehelseregelverket har stor innverkand for handel og transport av fisk og andre dyr.

Advokat Sigrid Andersen Cabot ved vårt kontor er invitert av Europakommisjonen til å presentera regelverket for offentlege etatar, næringslivets interesseorganisasjonar og andre interesserte i EU-delegasjonens lokale i Oslo. Cabot arbeidde i Europakommisjonen i dei siste seks åra før ho kom til vårt kontor hausten 2012 og var der aktivt med i utforminga av forslaget til ny forordning om dyrehelse, med særleg ansvar for fiskehelse.

Meir informasjon om:
– seminaret på EU-delegasjonens heimesider:
– regelverket på Europakommisjonens heimesider: