Sak om ektefellebidrag

Eit tidlegare ektepar som hadde vore gift i meir enn fire tiår hamna i tvist kring eit krav frå eine ektefellen om ektefellebidrag og vederlagskrav. Påstanden frå den ektefellen som retta krav var at ho hadde krav på bidrag etter ekteskapslova §79, 2. og 3. ledd.
Denne lyder slik: Er en ektefelles evne til og mulighet for å sørge for et passende underhold blitt dårligere som følge av omsorgen for felles barn eller fordelingen av felles oppgaver under samlivet, kan den andre ektefellen pålegges å betale bidrag. I andre tilfeller kan bidrag bare pålegges dersom særlige grunner taler for det.

Bakgrunnen for påstanden frå kvinna var at mannen under ekteskapet hadde betydeleg høgare inntekt enn kvinna og derav ville få langt høgare pensjon. Kvinna viste til at ho hadde hatt hovudansvaret for borna og utført heimearbeid. Ho viste også til at ho var trygda med låg inntekt. Ho meinte også at mannen i framtida ville få store inntekter som følgje av avkastning frå eige selskap.

Advokatfirmaet Responsa AS v/ adv. Håkon J. Skimmeland representerte ektefellen som fekk krav mot seg (mannen), og det vart prosedert på at reglane om bidrag/ vederlag er unntaksreglar. Ein peika på at framtidige inntekter frå selskap ikkje var relevant fordi verdien av selskapet var delt mellom partane i skifteavtalen. Verdsetjinga av selskapet hadde blitt føreteke ved å sjå på m.a. sannsynlege framtidige inntekter. Kvinna kunne ikkje få denne verdien «dobbelt opp». Tingretten meinte også at det ikkje var urimeleg om kvinna ikkje fekk bidrag eller vederlag. Ho hadde fått eit betydeleg beløp frå skiftet. Mannen blei på bakgrunn av dette frifunnen.