Rett til nausttomt falt bort

Ein grunneigar i Sunnhordland vart møtt med krav frå ein annan person som hevda å ha rett til ei nausttomt på eigedomen. Saka vart tvistesak for Sunnhordland tingrett og saksøkjaren fekk her medhald i at han hadde rett til naustet etter ein kontrakt som var datert i 1901.

Grunneigaren anka saka til Gulating lagmannsrett med hjelp frå sin advokat, Sturla Vik-Vestly frå Advokatfirmaet Responsa AS. Vik-Vestly prosederte i lagmannsretten på at naustretten var falt bort. Dette ut i frå ei tolking av kjøpekontrakt og eit eldre skyldskifte som tilsa at naustretten måtte vera ein rett gitt på bestemte vilkår. Advokat Vik-Vestly og grunneigaren meinte tolkinga måtte bli slik at naustretten berre gjaldt dersom rettshavaren ikkje kunne få naust ein annan stad det var tilvist til i kontrakten («der hvor den før er udlagt»). Når rettshavar beviseleg hadde bygd eit naust annan stad, var retten falt bort, prosederte Vik-Vestly på.

Gulating lagmannsrett avgjorde saka 11. september d.å til fordel for vår klient. Naustretten var falt bort og den saksøkte fekk erstatning for alle sine kostnader med saka.