Responsa med nytt kontor på Voss

Det har skjedd store endringar i Advokatfirmaet Responsa AS i 2018. Vindafjordkontoret vart i vår flytta til Haugesund og no i august oppretta me nytt kontor på Voss.

På Voss vil advokat (H) Anne-Sofie Lutro (t.v. på biletet) og advokat Tonje Tvilde (t.h.) yte bistand frå representative lokaler i Uttrågata 38 (4. etg). Me er stolte av å kunne få med oss to flinke advokatar. Tonje er allereie i sving som nytilsett i Responsa frå 1. august d.å. Anne-Sofie Lutro driv i dag eigen praksis, men hennar selskap er i fusjonsprosess med Advokatfirmaet Responsa AS og ved endt fusjon vert ho partnar i selskapet, samt vår første advokat med møterett for Høgsterett.

Dei to har god erfaring som advokatar. Til dømes har Tonje fortid i advokatfirmaet Vogt & Wiig i Bergen, medan Anne-Sofie har fortid i advokatfirmaet Stiegler. Anne-Sofie er busett i Kinsarvik og vil kunne tilby kontordagar både i heimkommunen Ullensvang og i Odda. Hovudsete for begge to vert i våre lokaler på Voss. Saman med våre øvrige advokatar skal me etter dette stå rusta til å kunne yte god service og god bistand i søndre del av Sogn og Fjordane, Voss og i Hardangerområdet. Vi vil bistå både forretnings- og privatmarknaden.