PERSONVERNREGLAR

Handsaming av personopplysningar i Advokatfirmaet Responsa AS

Når du bruker nettsida vår og/eller er i kontakt med oss som klient vil Advokatfirmaet Responsa AS handsame personopplysningar om deg. Det kan også vera at vi i enkelte saker har deg som motpart eller part i sak våre klientar er involverte i. Også i slike forhold kan det oppstå handsaming av personvernopplysningar om deg.

Under finn du derfor informasjon om personopplysningar som vert samla inn, kvifor me gjer dette og dine rettar knytta til handsaminga av desse personopplysningane.

Handsamingsansvarleg for personopplysningane me handsamer er Advokatfirmaet Responsa AS orgnr 987744197 ved dagleg leiar Kjell Petter Neset. Kontaktinformasjonen til Advokatfirmaet Responsa AS er:
Adresse: Sæ 136, 5417 Stord
E-post: responsa@responsa.no
Telefon: 53 45 400
Organisasjonsnr.: 987744197

For spørsmål du måtte ha om vår handsaming av dine personopplysningar kan du kontakte Elisabeth Haldorsen (elisabeth.haldorsen@responsa.no) som er vår personvernansvarleg/personvernrådgivar.


1. Kvifor samlar vi inn personopplysningar og kva slags informasjon samlar vi inn

Vi samlar inn og brukar dine personopplysningar til ulike føremål avhengig av kven du er og korleis vi kjem i kontakt med deg. Vi samlar inn følgande personopplysningar til formåla gitt her:

1. Sende ut marknadsføring, nyhendebrev og gi informasjon om vår verksemd: e-postadresse. Slik handsaming skjer på grunnlag av avtale med deg.

2. Svare på førespurnader som kjem inn til oss. Namn, telefonnummer, e-postadresse og eventuelle personopplysningar som måtte følge av førespurnaden (alle førespurnader er aktuelle her, via tlf, e-post og post m.m.) Handsaming av personopplysningar skjer på grunnlag av ei interesseavveging. Vi har vurdert det slik at dette ofte er nødvendig for å oss for å hjelpe deg med det du lurar på.

3. Rekruttering til nye stillingar oss hos. CV, søknad, attestar og referansar. Handsaming av personopplysningar skjer på grunnlag av samtykke som du har gitt.

4. For å få informasjon om bruk av våre nettsider kan me kome til å nytte informasjonskapslar (cookies). Vi nyttar ikkje dette pr i dag. Vi handsamer personopplysningar på grunnlag av ei interesseavveging. Vi har vurdert det slik at dersom vi går til det skritt å nytte cookies er det naudsynt for oss for å gjere dette for å tilpasse nettsida til våre brukarar. Vi ivaretek imidlertid personvernet ditt ved at vi berre ser det som aktuelt å nytte opplysningane til statistikk. I denne statistikken er det ikkje mogeleg å identifisere deg som enkeltperson. Vidare slettar vi personopplysningane som eventuelt vert samla inn via nettsida minst annakvar dag.

5. For å handtere sak der vi enten skal gi råd eller handtere tvistesak for deg. Vi registrerer data om din økonomiske status (frå t.d. bank, NAV, skatteetat og arbeidsgivar), namn, e-post adresse, sivil status, helseinformasjon etter ei vurdering av kor naudsynt dette er og om slik informasjon vert gitt oss frå det offentlege, frå motpart eller me har fått det frå deg sjølve. Grunnlaget vårt for å handsame denne type informasjon er enten samtykke frå deg eller fordi det er naudsynt for å utføre oppdraget du har gitt oss / interesseavveging.


2. Utlevering av personopplysningar til andre

Vi gir ikkje personopplysningane dine vidare til andre med mindre det føreligg eit lovleg grunnlag for slik utlevering. Døme på slikt grunnlag vil typisk være ein avtale med deg eller eit lovgrunnlag som pålegg oss å gi ut informasjonen.

Advokatfirmaet Responsa AS bruker «databehandlere» til å samle inn, lagre eller på annan måte handsame personopplysningar på våre vegne. I slike tilfelle har vi inngått avtaler for å ivareta informasjonssikkerheita i alle ledd av handsaminga. Vi nyttar oss av følgande datahandsamarar per i dag:

• Idrift (drift av it-park; software og hardware)
• Advisor (sakshandsamingsprogram)
• Info Easy (gjeld rekneskapsopplysningar og lønsopplysningar)
• Simployer (gjeld HR-program)

All handsaming av personopplysningar som vi føretek skjer innanfor EU/EØS-området. Du vil bli kontakta for å gi samtykke om vi mot formodning skulle ha behov for handsaming som føregår utanfor dette området.


3. Lagringstid

Vi lagrar dine personopplysningar hos oss så lenge det er naudsynt for det føremål personopplysningane ble samla inn for.

Dette betyr til dømes at personopplysningar som vi handsamer på grunnlag av ditt samtykke vert sletta, dersom du trekker ditt samtykke. Personopplysningar vi handsamer for å oppfylle ein avtale med deg vert sletta når avtalen er oppfylt og alle plikter som føl av avtaleforholdet er oppfylt.

I mange avtaler står det at vi lagrar informasjon om deg også etter at oppdraget er avslutta ei tid for at du skal kunne følge opp saka i ettertid og vera sikker på at vi har grunnlagsinformasjonen lagra hos oss.

I høve til dei tilfelle som er nemnd i pkt 1 vil informasjon uansett bli sletta etter slik tid:

Tilfelle nemnd i pkt 1, 1): sletting skjer minimum innan 2 år etter at vi siste gong har sendt dykk marknadsføring

Tilfelle nemnd i pkt 1,2): sletting skjer seinast 2 år etter at vi har gitt deg svar

Tilfelle nemnd i pkt 1,3): sletting skjer innan 3 mnd etter at stilling er fylt opp (om du då ikkje bed om at me lagrar informasjonen til seinare stillingar)

Tilfelle nemnd i pkt 1,4): sletta dagleg dersom vi tek i bruk dette

Tilfelle nemnd i pkt 1,5): denne informasjon blir utan at du samtykker til å halde informasjonen utover denne tid sletta etter 5 år rekna frå saka er avslutta.


4. Dine rettar når vi handsamer personopplysningar om deg

Du har rett til å krevje innsyn, retting eller sletting av personopplysningane vi handsamer om deg. Du har vidare rett til å krevje avgrensa handsaming. Rettar du motsegn mot handsaminga og/ eller du vil krevje rett til dataportabilitet kan du gjere dette. Du kan lese mer om innhaldet i disse rettane på Datatilsynets nettside: www.datatilsynet.no.

For å ta i bruk dine rettar må du sende skriftleg førespurnad til responsa@responsa.no. Vi vil svare på din henvendelse til oss så fort som mulig, og seinast innan 30 dagar.

Vi vil be deg om å stadfeste identiteten din eller å oppgi ytterlegare informasjon før vi lar deg ta i bruk dine rettar overfor oss. Dette gjør vi for å være sikre på at vi kun gir tilgang til dine personopplysninger til deg – og ikkje nokon som gir seg ut for å være deg.

Du kan til ei kvar tid trekke tilbake ditt samtykke for handsaming av personopplysningar hos oss. Den enklaste måten å gjøre dette på, er å sende e-post til same stad som er nemnd over.


5. Klager

Dersom du meiner at vår handsaming av personopplysningar ikkje stemmer med det vi har skildra her eller at vi på andre måtar bryt personvernlovgivinga, så kan du klage til Datatilsynet.


6. Endringar

Dersom det skulle skje endring av våre tenester eller endringar i regelverket om handsaming av personopplysningar, kan det medføre forandring i informasjonen du er gitt her. Dersom vi har dine kontaktopplysningar vil vi gjere deg merksam på disse forandringane. Elles vil oppdatert informasjon alltid finnast lett tilgjengeleg på vår nettside.