Sigrid Andersen Cabot

Advokat
Tlf: 53 45 40 00
sigrid.cabot@responsa.no

Sigrid Andersen Cabot vart jurist i 1996 og tok 1997 master i tysk, EU og internasjonal rett ved Universitetet i Heidelberg, Tyskland.
Ho var dommarfullmektig ved Sunnhordland tingrett 2002-2003.

Sigrid Andersen Cabot arbeidde etter avslutta studie som doktorgradsstipendiat ved Universitetet i Bergen i eitt år, før ho vart hyrt inn som sekretær for Lovutvalet for miljøinformasjon (1998-2000) NOU 2001:2). Ho har seinare hatt oppdrag som sekretær for dei regjeringsoppnemnte utvala etter Tsunamien i Thailand i 2005 og etter Ecoli-utbrotet i 2006.

Ho har brei forvaltnings- og forhandlingserfaring både nasjonalt og internasjonalt (Statens forureiningstilsyn (2001), Miljøverndepartementet (2003), Fiskeri- og kystdepartementet (2004-2006) og EU-kommisjonen (2006-2012) der ho hadde ansvar for utvikling og forvaltning av EUs fiskehelseregelverk.

Sigrid Andersen Cabot vart tilsett hos oss 1. november 2012 og har i løpet av kort tid opparbeidd ein portefølje innan barnefordeling/barnevern, forvaltningsrett og strafferett. Satsingsområde framover vil vera å utnytta sin kompetanse innan miljø og maritim jus.

Sigrid Andersen Cabot snakkar engelsk, tysk og fransk.