Anne-Sofie Lutro

Advokat
Tlf: 56 99 25 33
anne.lutro@responsa.no

Anne-Sofie Lutro har juridisk embetseksamen frå Universitetet i Bergen frå 2003. Etter eitt år ved Lotteritilsynet i Førde vart ho tilsett ved Advokatfirma Stiegler i Bergen kor ho arbeidde som advokatfullmektig og deretter fast ansatt advokat i perioden frå 2005 til 2013. Deretter flytte ho tilbake til Hardanger og gjekk over i stillinga som dommarfullmektig ved Hardanger tingrett kor ho var frå 2013 til 2016.

Frå mars 2016 og fram til november 2018 dreiv ho eigen advokatpraksis gjennom selskapet Advokat Anne-Sofie Lutro AS. Denne selskapet er no fusjonert med Responsa og Anne-Sofie har no gått inn som tilsett og partner hos oss.

Anne-Sofie fekk møterett i Høgsterett i november 2011 etter ei prøvesak i 2009 og ei i 2011.

Anne-Sofie arbeider i hovudsak med fast eigedom samt arv, skifte og familierett. Ho har brei prosedyreerfaring frå tingrett, lagmannsrett og jordskifterett.