Me søkjer advokat ved vårt kontor på Voss

Responsa er i stadig utvikling og vekst, og me søkjer advokat ved vårt kontor på Voss. Me søkjer deg som har sterke faglege kvalifikasjonar og ambisjonar, og som vil vera med på å vidareutvikla og styrkja firmaet vårt – og deg sjølv!

Me veit at vår suksessfaktor er dei menneska som jobbar hjå oss. Difor skal me vere eit rett val når dyktige og ambisiøse advokatar søkjer jobb. Ein arbeidsplass hjå oss skal utfordre og utvikle deg menneskeleg og profesjonelt. Du får vera del av eit solid fagmiljø med påverknad og gjennomslagskraft. Me ønskjer at du skal utfylle oss slik at vårt mangfald vert styrka. Du vil bli ein del av ein kultur der me er gode vener og der bygging av lag er viktig.

Me tilbyr gode vilkår og eit høve til å påverke din eigen arbeidskvardag i stor grad. Stillinga byr på varierte og interessante utfordringar i eit firma i vekst.

Voss og Hardanger er naturperler i stadig utvikling. I tillegg til ein interessant jobbkvardag, kan du leve i eit miljø med storslåtte naturopplevingar alle årstider. Voss har eit rikt samfunns- og kulturliv med m.a. Ekstremsportveko og Vossa Jazz som nokre av døma.

Arbeidsstad vil vera ved vårt kontor på Voss. Bruk av videokonferanseutstyr vil vera ein viktig del av arbeidsdagen for kontakt med kollegaer eller klientar som høyrer til områda nær Stord og Haugesund der me også har kontor.

Vårt firma ynskjer fleksible kandidatar i høve til bruk av tekniske it-løysingar og kan også tilby periodevis heimekontor for den rette kandidat.

Dersom du har spørsmål; kontakt Advokat Anne-Sofie Lutro på tlf 99 45 60 20.

For alle stillingar ynskjer me søknad med cv, vitnemål m/ karakterutskrift sendt til:
Advokat Anne-Sofie Lutro; anne.lutro@responsa.no så raskt som mogeleg og innan 2. september 2019.