Me søkjer Advokat/advokatfullmektig – Voss

Me vil tilsetje ny medarbeidar ved vårt kontor på Voss og søkjer deg som søker nye utfordringar.

Du må vera engasjert i juridisk arbeid og i å hjelpe andre. Du må kunne dokumentere svært god fagleg kvalitet og utfylla oss slik at mangfaldet vårt vert styrka. Helst bør du ha arbeidserfaring som advokat, men søkjarar som kan tiltre som advokatfullmektig vil også verta vurdert.

Arbeidsstad vil vere ved vårt kontor på Voss. Bruk av videokonferanseutstyr vil vera ein viktig del av arbeidsdagen for å kunne yte bistand til kollegaer og klientar som har nær tilknyting til kontora på Stord og i Haugesund. Vårt firma ynskjer fleksible kandidatar i høve til bruk av tekniske it-løysingar. Dersom du har spørsmål kan Advokat Anne-Sofie Lutro kontaktas på mobil; 99 45 60 20.

For alle stillingar ynskjer vi søknad med cv og vitnemål sendt til:
Advokat Anne-Sofie Lutro; anne.lutro@responsa.no så raskt som mogeleg og innan 13. mai 2019.