Måtte betale erstatning for ødelagte trær

Sunnhordland tingrett har nyleg avsagt dom i sak som gjaldt erstatningskrav for tre øydelagte trær. Skadevaldar var nabo som meinte han hadde fått samtykke til å felle tre trær på naboeigedomen. Før han ville sage dei ned hadde han fjerna borken for at dei skulle døy eller stanse veksten. Den «fornærma» kravde nær 200.000,- i erstatning. Mannen vart ikkje høyrt på at det førelåg samtykke og han måtte betale erstatning, men ikkje meir enn kr. 15.000,-.

Tingretten kom til at den skadelidte hadde krav på «nødvendige kostnader til rimelige utbedringstiltak», men fant fjerning av trærne til å ikkje utgjere nokon skade som endra det «helhetlige miljøet» på eigedomen. Retten fastsatte etter skjønn erstatninga etter skjønn til kr. 15.000,-. Advokatfullmektig Margrethe Framnes Neset ved vårt kontor representerte den skadebotansvarlege i saka. Sidan den skadelidte langt frå fekk dekning for så stort krav som vart kravd fann retten det rett å pålegge den enkelte part å dekke sine eigne sakskostnader.