Lov gav betre rettar enn NS-kontrakt

Sunnhordland tingrett handsama nyleg ein entreprisesak der tenesteytar var profesjonell og der kunden var forbrukar. Partane hadde nytta ein standardkontrakt (NS 8406) seg i mellom og i fleire av spørsmåla vart det drøfta av retten kva det hadde å seie at standardkontrakten hadde avvikande reglar i høve til handtverkartjenestelova. Retten kom til at hvtjl gjaldt og at denne lova gjekk føre avtaleklausular der forbrukaren kom best ut av det med lova sine reglar. Dette gjaldt m.a. i høve til spørsmålet kring reklamasjonsfristen. Forbrukaren fekk medhald i det vesentlege i saka. Dette gjaldt m.a. krav om erstatning/ prisavslag for manglande kvalitet på jordmasser, tidsbruken (urasjonell gjennomføring) og ulovleg fakturering av teneste som ikkje vedkom avtalen.

Advokat Sturla Vik-Vestly førte saka for forbrukaren som ved å vinne fram på saka sine hovudpunkter fekk erstatta sine sakskostnader frå entreprenøren. Retten konkluderer med at forbrukaren hadde kravd litt meir enn det han vart tilkjent i prisavslag/ erstatning, men sidan han vann i det «vesentlege» skulle han få erstatta sine sakskostnader. Det vart vurdert om sakskostnadsansvaret for «tapande» part skulle reduserast som følge av at saksøkjaren innleiingsvis nytta avtalen mellom partane som heimelsgrunnlag for deretter å endre rettsgrunnlaget til handtverkartjenestelova i sluttfasen av saka, men retten kjem til at faktum i saka hadde vortre presentert på same måte sidan starten av saka og dette var tilstrekkeleg.