Lett å snuble i reglar om offentlege innkjøp

Entreprenør A vann ein kontrakt om bygging av eit stort kommunalt bygg. Entreprenør B klaga og dagen etter omgjorde kommunen vedtaket og gav B kontrakten. Entreprenør A klaga og vart på nytt tildelt kontrakten. Då klaga B. Kommunen heldt først fast ved A, me avviste deretter alle tilbydarane og ville be om nye tilbod. Dette klaga A att og avvising vart omgjort og kontrakten vart igjen A sin. Entreprenør B tok deretter saka til retten, men tapte. Enden på denne anskaffelsesvisa var at Entreprenør A fekk kontrakten og er no klåre til å ta fatt på sjølve jobben.

 

Advokat Sigrid Anderssen Cabot frå Advokatfirmaet Responsa, som gav entreprenør A råd gjennom alle desse klagerundane, fortel at saka reiste mange anbodsrettslege problemstillingar, m.a. knytt til krav til utforming av konkurransegrunnlag og særleg kommunens evaluering av tilboda. Hovudårsaka til dei mange endra vedtaka frå kommunen var at kommunen i første runde ikkje hadde følgt sitt eige konkurransegrunnlag til punkt og prikke då dei evaluerte tilboda. Då det var små marginar mellom dei ulike tilboda, fekk feil i kommunens evaluering store konsekvensar for resultatet av konkurransen.

 

Takka vera ein årvaken entreprenør og eit tett samarbeid med advokat Cabot som kunne rettleia entreprenøren i dei komplekse anskaffelsesrettslege sidene ved saka, vart desse feila til kommunen avdekka desse feila og sikra at kommunen til sist fall gav kontrakten som gav det beste tilbodet.