Lagmannsretten overprøvde UNE

Advokat Arild Birkeland representerte eit afghansk par i Borgarting lagmannsrett som Utlendingsnemnda (UNE) meinte hadde ei forklaring i høve til sin asylgrunn som ikkje var truverdig. I retten vart det prosedert på at det var gode grunnar for å legge til grunn dei to asylsøkjarane sin forklaring om asylgrunnen og lagmannsretten gav støtte til dette. Borgarting lagmannsrett viser til at ein i lovforarbeid og rettspraksis har stilt til eit kriterium om at ei forklaring må vera «nokonlunde sannsynleg» for at retten skulle kunne støtte UNE sitt framlegg om å nekte asyl. Borgarting lagmannsrett fann etter dette, på same vis som Oslo tingrett hadde gjort det i 1. instans å kjenne UNE sitt vedtak ugyldig. Formelt skjedde dette ved at anken vart forkasta. (PS! Dommen er «fersk» og dermed enno ikkje rettskraftig).