Juryen satte avgjerd til side

Det norske jurysystemet kan gi utslag i ekstrem «berg og dalbane»-følelse for tiltalte som opplever å bli frifunne i skuldspørsmålet av juryen og som deretter opplever at fagdommarane set juryavgjerda til sides. Ein sunnhordlending opplevde nettopp dette i Gulating lagmannsrett.

Tiltalte var domfelt i førsteinstans for seksuell handling mot ein mindreårig. Tiltalen var alvorleg og strafferamma på meir enn 6 år fengsel i maksimalstraff. I slike tilfeller har den tiltalte alltid høve til å få prøvd ein eventuell anke i lagmannsretten og den tiltalte valte å prøve saka på nytt.

Lagmannsretten satte rett med full jury (10 personar) i august og den tiltalte var representert ved forsvarar frå vårt kontor, advokat Arild Birkeland.

Etter å ha høyrt gjennom ankeforhandlinga i 3 dagar kom juryen fram til at den tiltalte skulle frifinnast. Den tiltalte si enorme lukkekjensle av å bli trudd varte imidlertid ikkje lenge. Fagdommarane nytta sin rett til å sette juryavgjerda til sides og dermed må heile saka opp på nytt for lagmannsretten (neste gong som stor meddomsrett). Sjeldan at slikt skjer og 8 nye månader blir lagt til prosesstida. Slikt gir slitasje for både tiltalte og fornærma i denne type saker.