Frifunne for mistanke om eksamensjuks x 2

VG har i fleire reportasjar denne ettersommaren fokusert på at staten har hatt store kostnader til advokatar som representerer studentar som er under mistanke om fusk ved eksamen. Påstanden til VG er at klager sjeldan fører fram og det vert spørsmålsteikn til om staten skal dekke denne type utgift. Advokatane Sydnes og Neset AS har hatt tre saker dette året og 2 av 3 har enda med frifinning. Vår påstand er derfor at ein student må kunne forlange at omsynet til studenten sin rettssikkerhet sikrar han advokat og ein rettferdig prosess.

Våre saker for studentar ved Universitet eller offentleg Høgskule syner at prosessen er grundig og god, men regelverket er komplisert og vanskeleg tilgjengeleg for ein student. Å få advokatbistand vil derfor vera ein stor fordel for studenten som skal forsvare seg mot ein påstand om fusk ved eksamen eller fusk ved gjennomføring av obligatoriske deler av studiumet. Advokat Kjell Petter Neset representerte begge studentane som vart frifunne av skulane sine Klagenemnder.

– I begge saker førelåg det kompliserte vurderingar kring kva som utgjer forsett og aktløyse frå studenten sin side. Dette er omgrep som er juridisk vanskelege å tolke i mange tilfeller der studenten har utvist tankeløyse. I slike saker kan det vera avgjerande at ein jurist som er trena i å argumentere i høve til slike vurderingar kan hjelpe til med å tale studenten sin sak for at Klagenemnda skal få saka fullt ut opplyst, seier Neset.