Frifunne for lekamsskade

To tiltalte stod for nokre veker sidan tiltalt i Sunnhordland tingrett for å ha påført ein person skade i andledet ved bruk av vald. Begge to vart frifunne.

Påtalemakta hadde lagt ned påstand om at dei tiltalte skulle dømmast for å ha under skjerpande omstende påført ein person skader i andledet ved slag og spark. Påtalemakta meinte dei to burde dømmast til 90 dg fengsel. Påtalemakta førte ei rekke prov og vitner som argumentasjon for sin påstand.

Advokat Kjell Petter Neset som representerte ein av dei tiltalte i saka argumenterte i saman med den andre tiltalte sin forsvarar for at vitneprova og øvrige prov i saka ikkje viste eit eintydig bilete over kva som hadde skjedd.

Adv. Neset sin klient innrømma å ha slått, men dette påstod han hadde skjedd for å verne om sin kamerat og som ein forsvarsreaksjon mot at han sjølve vart slått.

Vitneprova var svært ulike og saka framstod etterkvart slik at retten fann det sannsynleg at dei tiltalte gav nokonlunde rett versjon av det som hadde hendt. Begge tiltalte gjekk fri. Den tiltalte som innrømma å ha slått vart frikjent etter strl § 228, 3. ledd fordi handlinga vart rekna som retorsjonshandling («gjengjelding»)