Frifunne for bensintjuveri

Ein person stod tiltalt i Sunnhordland tingrett for ei rekkje forhold. Han tilstod for samtlege forhold, men ved gjennomgang av forklaringa kom det fram at tiltale under tiltalepunkt for bensintjuveri først hadde fylt bensin, deretter gått inn for betale med bankkort han visste det ikkje var dekning for og deretter fått faktura tilsendt frå bensinstasjonen. Han hadde tenkt å betale faktura, men pengevanskar gjorde dette umogleg. I prosedyren sa aktor, trass i tilståinga, seg einig med forsvarar i at prov for forsett ikkje var dokumentert godt nok.

Forsvarar, advokat Kjell Petter Neset, argumenterte også med at tjuveri var uriktig subsumsjon i tiltalen i sak der bensinstasjonen først aksepterer å gi kreditt ved å la kunden få med seg faktura. Tiltalte vart frifunne for desse tiltalepunkta, men vart domfelt for andre forhold til fengsel på vilkår.