Frifunne etter å ha vore fengsla

Ein 21 år gamal bømling vart våren 2012 fengsla fordi påtalemakt og Kriminalomsorga «trudde» at ein tingrettsdom frå Sunnhordland tingrett hadde gitt mannen dom på 90 dg fengsel. 21 åringen hadde imidlertid anka saka. Først til lagmannsretten som avviste saka og deretter vidare til Høgsterett. Høgsterett oppheva lagmannsretten si avgjerd om å avvise og sendte saka tilbake til ny handsaming. I mellomtida sonte bømlingen 54 dg i fengsel. Advokat Kjell Petter Neset oppdaga tilfeldig kva som hadde skjedd og fekk sin klient ut frå fengselet.

I januar 2013 avsa Gulating lagmannsrett ny avgjerd i saka. Denne gong vart bømlingen frikjent av ein samla lagmannsrett. Advokat Kjell Petter Neset hadde i alle instansar prosedert på at klienten hadde påført offeret eit slag i naudverge og at dette slaget var rettmessig. Den fornærma sin skade kunne ha vorte påført av dette eine slaget, meinte lagmannsretten. Den fann ikkje at tiltalte hadde overskride grensene for naudverge.

Med frifinning står fengslinga av bømlingen att som ein rettsskandale for norsk påtale, domstolvesen og fengselsvesenet. Alle instansar må ta delskuld for at bømlingen har opplevd reine marerittet ved å bli fengsla utan «lov og dom».

På vegne av vår klient vil det bli fremja krav om erstatning mot den norske stat for den urettmessige fengslinga.

Skriv ein kommentar