Forsikringsselskap snudde

Ein yngre bilførar var involvert i ei trafikkulukke, og var den som etter gjeldande trafikkreglar vart gitt skulda for hendinga. Fleire bilar var involvert. To biler vart kondemnerte og totale skader vart vurdert til drøye kr. 750 000,-.

Då bilføraren meldte skadene til sitt forsikringsselskap, gjorde dette gjeldande at bilen (som vart ført av innmeldar) ikkje lenger var forsikra. Oppgitt grunn var at premien var ubetalt. Avslaget vart klaga inn til forsikringsselskapets kundeoppbud. Avslaget vart der oppretthalde. Konsekvensen var at den unge bilføraren, dersom avslaget sto seg, ville gå inn i arbeidslivet sterkt gjeldstynga. Gjeldsbyrda ville vore så stor at han ville hatt utsikter til å få utleggstrekk i lønn mv. i overskueleg framtid.

Trafikkforsikringsforeininga fremja eit direktekrav mot bilføraren for oppgjer av skadene på dei to øvrige bilane som var involvert i trafikkulukka. Bilførerens eigen bil var blandt dei kondemnerte, og denne bilens verdi var tilsynelatande fullt ut tapt.

Bilføraren fekk bistand frå Advokatfirmaet Responsa AS, ved advokat Ståle René Matre frå dette stadium i saka.

Advokat Matre påpeika overfor selskap at det er strenge regler som regulerer eit forsikringsselskap sin adgang til å seie opp ein forsikringsavtale med grunnlag i forseinka eller utelatt betaling av forsikringspremien. På vegne av klient vart det gjort gjeldande overfor forsikringsselskapet at det førelåg brot på desse reglane. Selskapet erkjente regelbrotet og gjenoppretta skadesaka til den unge bilføraren. Førar får no handsama si forsikringssak etter vanlige forsikringsrettslege reglar.

Den unge bilføreren kan no gå framtida i møte utan å være påført ei tung økonomisk bør i form av gjeld til Trafikkforsikringsforeininga.