FORRETNINGSJUS

Omlag halvparten av våre advokatar handterer for det meste forretningskundar. Deira erfaring frå ulike problemstillingar i næringslivet i Sunnhordland og Haugalandet vil kunne vera avgjerande for dykk om dykkar verksemd ein dag skal ta eit viktig val.

Kvalitetssikring er noko dei fleste næringslivsleiarar av og til snakkar om. Me ser altfor ofte at leiarar kjem til oss når det er oppstått eit problem. Heldigvis har våre faste klientar etterkvart sett at det er store kostnader å spare ved å ha med seg juridisk kompetanse inn i prosessar, forhandlingar el.l. før viktige val skal takast. Våre medarbeidarar vil med si erfaring kunne gi tips i prosessen og ikkje minst sjå fallgruber og fårer som andre utan juridisk kompetanse innanfor advokatyrket vil ha vanskar med å sjå.

Gjennom advokatane sin omfattande prosedyreerfaring vil ein til dømes få ei erfaring som gjeld risikovurderingar ved tvisteløysingar som vert uvurderleg. Dette gjeld risikoen for å tape, risikoen for negativ pressedekning, risikoen for negativ stemning blant tilsette, risikoen for negativ oppfatning i marknaden osv.

Me vil kort gi eit innblikk i fagfelta me har særleg kompetanse innanfor.

 

Entreprise

Uavhengig av om du er entreprenør eller byggherre vil førebuinga før ein kontrakt om eit byggjeprosjekt vert inngått, samt oppfølginga av kontraktsvilkåra under prosjektet vera viktige faktorar for å kvalitetssikre at prosjektet oppnår det resultat det skal. Ein kontrakt bør i utgangspunktet vera balansert og dersom ein av partane tek risiko utover det normale bør dette reflekterast i kompensasjon i den øknomiske delen. Gjennomføringsdelen er like viktig. Er arbeidet som vert utført ein del av kontraktsarbeidet? Er det endringsarbeid? Korleis avklarar ein slikt? Kva vil prisen for endringar bli og korleis varslar ein dette? Hos oss finn du advokatar som er svært godt kjende med NS-kontraktar og lovverket som gjeld. Advokat Sturla Vik-Vestly er fagansvarleg hos oss på dette feltet. Ta kontakt med han om din bedrift har spørsmål i dette faget eller om du som privatperson er byggherre.

Arbeidsrett

Forholdet mellom arbeidsgivar og arbeidstakar er svært gjennomregulert i norsk rett. Likevel oppstår det stadig vanskelege vurderingar og vegval for ein bedrift som står føre til dømes nedbemanningar eller meir ekstraordinære avskjeder/ oppseiingar. Trør ein feil i regelverket kan det få store økonomiske konsekvensar og i tillegg vil måten ein opptrer på gi ringverknader i høve til behovet for omdømebygging m.v. Vi har advokatar som jobbar jamleg med denne type problemstillingar. Advokat Tonje Tvilde er vår fagansvarlege. Ta kontakt med henne om du enten er arbeidsgivar eller arbeidstakar som har problemstillingar innanfor emnet.

Konkurs- og insolvensrett

Advokat Kjell Petter Neset og advokat Håkon J. Skimmeland har årevis med erfaring som bustyrarar. Arbeid med konkursbu involverer også mange andre av våre tilsette. Dette har gitt verdifull kunnskap i høve til å kunne bistå bedrifter i økonomiske problem. Denne kunnskapen vil særleg vera verdifull for bedrifter som er på «kanten av stupet», men som trass i sine problem har sjansen til å overbevise sine kreditorar/ leverandørar om at ein gjennom ei restrukturering kan kome betre ut av det for alle involverte. Vårt firma har gong på gong sett at det er store verdiar å spare på å involvere selskapsleiiing og kreditorar i eit felles løft og samarbeid for å unngå konkursalternativet. Nøl ikkje med å ta kontakt med våre spesialister på dette om De er i ein situasjon der De har håp om at insolvens kan unngås via utanrettslege forhandlingar med kreditorar, tilsette eller andre.

Selskapsrett

Mange av våre saker gjeld problemstillingar kring maktfordeling og utøvande mynde i aksjeselskaper eller andre typar selskaper. Vi bistår også selskaper i samband med stiftingsfasen og avviklingsfasen. For enkelte selskaper tilbyr vil «styrepakke» der vi gir styremedlemar støtte og «sparring» i førebuing og gjennomføring av styremøter eit avtalt tal gonger pr år. Den type støtte eit styre kan få via våre advokatar trur vi utgjer ei «rimeleg» forsikring i høve til kvalitetssikring av styrearbeidet. Advokat Kjell Petter Neset er fagansvarleg.

Offentlege innkjøp

Offentlege reglar om «anbud» er utfordring for både tilbydarar og det offentlege. Vår fagansvarleg Sigrid A. Cabot gir råd om prosess og regelsett innanfor dette viktige området.

….

Det overnemnde er utdrag av kva saker som vi arbeider mest med innafor forretningsjus, men spekteret er stort. Slik vi ser det er det ikkje lenger mogeleg for ein advokat å kunne «alt». Vårt mål har derfor vært å skape mangfald blant våre tilsette slik at vi kan utfylle kvarandre innanfor kompetanse. På slik måte vil vi gi våre klientar best oppfølging. Vårt mål er å ikkje utgjere reell kostnad for våre klientar. Vi vil medvirke til verdiskapninga som vår klient har planar om å skape!