Føredrag i forhandlingsteknikk

IMG_2210

Advokatfirmaet Responsa AS v/ advokat Sturla Vik-Vestly holdt 22. oktober frukostseminar for sponsorlauget til Stord Fotball i Kunnskapshuset på Stord. Tema var forhandlingsteknikk. Litt over 20 deltakarar var med på kurset. Advokat Sturla Vik-Vestly har langvarig erfaring frå kommersielle forhandlingar. Han underviser i periodar også næringsliv og offentlege mynde i forhandlinger gjennom firmaet Vingeslag AS. Mange meiner advokatar må vera flinke i forhandlingar fordi dei så ofte er i forhandlingssituasjon. Advokat Vik-Vestly peika i kurset på slik læring er basert utelukkande på læring gjennom eiga læring og feiling. Ved å tileigne seg teoretisk kunnskap om forhandlingsteknikk kan ein på ein sikrare måte skape verdiar for sin arbeidsgivar eller sin klient i forhandlingssituasjonen.