Finansrådgivar må betale

Advokat Sturla Vik-Vestly frå Advokatfirmaet Responsa representerte i februar to rogalendingar som vann fram i Gulating lagmannsrett med erstatningskrav mot ein finansrådgivar. Då saka var oppe i tingretten vart finansrådgivaren frifunnen.

Dei to rogalendingane hadde investert i såkalla samansette produkt. Dei to meinte at mykje informasjon var tilbakehalde på avtaletidspunktet og at dette var aktlaust av seljaren. Mellom anna vart det ikkje sagt at berre 30% av det investerte beløp skulle investerast i opsjonar. Kjøparane hadde grunn til å tru at det meste skulle investerast i dette.

Med bare 30% av investert beløp i opsjonar var det reelt minimal sjanse til å tene pengar når ein rekna med alle gebyr/ provisjonar som pruduktet hadde krav til betaling av.

Lagmannsretten meinte seljar kom i ansvar og tilkjente erstatning. Lovdata.no har gjengitt dommen på sine sider over avgjerder frå lagmannsretten. Der er det gitt slik samandrag:

Finansiell rådgjevar vart funne ansvarleg etter reglane om profesjonsansvar for tap knytta til sal av aksjeindeksobligasjonar i 2005/2006. Til skilnad frå Rt-2013-388 (Røeggen) var det ikkje opplyst at berre ein del av investeringsbeløpet ville gå til kjøp av opsjonar. Lagmannsretten fann ikkje at dei skadelidte ville avstått frå heile investeringa sjølv om dei hadde hatt fått den informasjon dei burde, og la ved tapsutmåling til grunn at det var meir sannsynleg at dei hadde investert eit mindre beløp enn at dei ikkje hadde investert i det heile.