Erstatning – spørsmål om framtidig tap

Ein hordalending vart hardt skadd i trafikkulukke og hamna varig på institusjon. Bilførar handla aktlaust og ansvarsgrunnlag for erstatningskrav for framtidig tap vart påvist. Helsesituasjonen i forkant av ulukka var slik at ein hadde forventning om at den skadde uavhengig av ulukka før eller sidan måtte på institusjon (påbegynt aldersdemens). Den skadelidte meinte å ha krav på erstatning for ekstrakostnaden med å betale eigendel ved institusjonen samstundes som den skadde hadde kostnader med eigen bustad i rehabiliteringsperioden. Den skadelidte som vart bistått av advokat Kjell Petter Neset argumenterte for at det var eit økonomisk tap for den skadelidte å måtte ha to bustadkostnader så lenge det var sannsynleg at skadelidte ville kunne budd heime hos seg sjølv hadde ein sett bort frå skaden. Forsikringsselskapet erkjente eit tap for ein viss tidsperiode, og partane forlikte saka.