Er framtidsfullmakt noko du bør vurdere?

Ynskjer du å bestemme kven som skal ivareta dine økonomiske og personlege interesser dersom du ikkje lenger er i stand til det sjølv?

Ei framtidsfullmakt er eit dokument kor du kan bestemme at ein eller fleire personar skal representere deg dersom du i framtida ikkje lenger kan ivareta eigne interesser, og er eit alternativ til vergemålsordninga. Ved å opprette ei framtidsfullmakt kan du allereie no leggje føringar for handtering av eigen økonomi, samt andre viktige beslutningar som skal gjerast på dine vegne. I tillegg vil ein framtidsfullmakt kunne gjere det enklare for dine næraste å handtere din økonomi og/ eller eigedomar dersom du ikkje er i stand til det sjølv. Då ei framtidsfullmakt må oppfylla visse formkrav for å vere gyldig, kan det vera føremålstenleg å oppsøkje advokat for få hjelp til sjølve utforminga.

Advokatfirmaet Responsa har fleire advokatar som kan hjelpe deg med å opprette ein framtidsfullmakt. Ta kontakt med oss dersom du har spørsmål eller ynskjer bistand.