Byggmester fekk rett til full betaling iht. rekning

Ein entreprenør fekk i oppdrag å føre opp ein einebustad + garage for ein forbrukar. Partane inngjekk ikkje nokon skriftleg avtale om pris, men dei var einige om at avtalen var at arbeidet skulle utførast etter rekning. Forbrukaren meinte prisen som vart kravd var før høg, men tapte i retten.

Advokat Trond Eirik S. Nielsen førte saka for entreprenøren som var saksøkjar i saka. Entreprenøren kravde betalt fullt ut i høve til dei rekningar som var sendte og det gjenstod eit restbeløp på nærmare 800.000,-. Forbrukaren meinte å kunne vise til at «gjengs pris» var annleis for denne type hus, men retten slo fast at forbrukaren hadde bevisbyrda for sitt krav. Retten slo fast at forbrukaren som utgangspunkt ved rekningsarbeid må betale det som blir fakturert og retten fann ikkje grunnlag i saka for å fastslå at kravet her skulle reduserast.

Entreprenøren fekk tilkjent full dekning av sine kostnader med saka i dommen frå Sunnhordland tingrett.