Blir pensjonist

Vår kjære kollega Advokat Leif Jakob Sydnes trer ved nytt år over i pensjonistene sine rekker.

Alle tilsette ved Advokatfirmaet Responsa AS er audmjuke, stolte og fulle av respekt for det Leif Jakob Sydnes har stått for i sine 40 år som jurist og advokat.

Leif Jakob vart uteksaminert som jurist i 1979. Han starta som fullmektig hos sin far, advokat Kolbein Sydnes. Etter endt fullmektigtid dreiv han i mange år eige advokatføretak. I 2005 var han ein av stiftarane av Advokatfirmaet Responsa AS (den gong med namnet Advokatane Sydnes og Neset AS).

I Leif Jakob har vi hatt ein kollega som har vist eit stort engasjement for absolutt alle han har hatt kontakt med, enten dei har vore kollegaer eller klientar.

For kollegaer har han alltid teke seg tid til å gi råd og vink. Særleg for unge uerfarne har dette vore til uvurderleg hjelp og støtte.

I dei siste åra har advokatbransjen hatt ei enorm utvikling. Digitalisering og spesialisering er stikkord. Leif Jakob har teke del i endringane og løyst utfordringar kring dette på strak arm. Evna til å omstille seg har også vist att i verksemda vår som frå 2005 er gått frå 4 til 17 tilsette. Slikt inneber store endringar. Omstillingsevna har imponert oss alle.

Ein person i rettshjelpa si teneste går av, men vi er sikre på at hans arbeidsånd lever vidare i verksemda i lang tid.

Hans engasjement for dei med reduserte personlege ressurser har alltid vært stort. Typisk nok vil Leif Jakob derfor jobbe vidare privat med mange av sine vergeoppgåver.

Heilt fri tek han med andre ord ikkje, men me unner han all fritid og fridom pensjonisttida gir, og takkar stort for innsatsen!