Arbeidsrettssak – Lønnskrav tapt pga. passivitet

Sunnhordland tingrett har avsagt dom i sak der arbeidstakar hevda å ha fått ugyldig avskjed og der arbeidstakar meinte å ha uteståande lønskrav mot sin arbeidsgivar. Tingretten gav ikkje arbeidstakaren som saksøkjar medhald. Retten har i sin dom drøfta i kva grad ein innanfor arbeidsretten kan tape eit lønskrav pga passivitet. Konklusjonen var at det her hadde gått sju månader frå arbeidsforholdet var avslutta og at kravet var tapt pga passivitet.

Saksøkjar hadde hevda at arbeidstakar hadde sitt krav i behald så lenge det vart fremja innanfor foreldingsfristen. Tingretten avslo ein slik argumentasjon. Det var også andre punkter og krav som vart hansama i saka, men i desse sakene var det hovudsakleg vurdering av prov/ faktum som avgjorde spørsmåla. Me går derfor ikkje nærmare inn på desse delene av domen her.

Advokat Trond Eirik S. Nielsen frå vårt kontor representerte arbeidsgivar som vann fram i saka på alle punkter. Dommen er ikkje rettskraftig p.t.

Skriv ein kommentar