Advokatfirmaet Responsa AS er i drift!

Advokatane Sydnes og Neset AS og Advokatfirmaet Vik Vestly AS kunngjorde i juni 2013 at dei ville fusjonere. Fusjonsmelding er no sendt Føretaksregisteret med melding om at fusjonen skal tre i kraft. Registrering vil skje i denne veka og med dette er fusjonen eit faktum; Advokatfirmaet Responsa AS har oppstått!

Med 13 tilsette og lokalitetar både i Sunnhordland og på Haugalandet vil me i framtida kunne tilby juridiske tenester av høg kvalitet i nærområdet til innbyggjarar i svært mange kommunar. Me vil som kontor ha fokus på å la den enkelte medarbeidar få høve til å spesialisere seg innanfor bestemte rettsområdet slik at våre klientar er sikra sitt behov for ekspertise.