Å ta ansvar for ei handling er ikkje det same som straffeskuld

Advokat Sigrid Anderssen Cabot representerte ein mann i tingretten som var tiltala for vald overfor barn. I politiforklaringa hadde han teke ansvar for handlinga og erkjent straffeskuld, sjølv om skaden på barnet var forårsaka av barnets raske rørsler og ikkje hans handlingar. Som han sa, – Det var jo ikkje barnets feil. Eg som vaksen må ta ansvar.

Under politiavhøyret var han ikkje representert av advokat og nyansane i kva som hadde skjedd hadde politiet under avhøyret ikkje fått fram. I tingretten fekk mannen gje ei grundig forklaring. Forklaringa hans vart lagt til grunn av retten og han vart frikjend for dette forholdet. Saka syner kor viktig det er å vera nyansert, detaljert og presis når ein vert avhøyrt av politiet og gjerne drøfta med advokat før ein svarar på spørsmål om å vedgå straffeskuld. Det er forskjell på å vera skyldig i folkeleg og mellommenneskeleg forstand og å vera strafferettsleg ansvarleg for ei hending.