VÅRE VERDIAR

Advokatfirmaet Responsa AS står for engasjement, kvalitet og mangfald.

Engasjement
Kvar einskilde klient har krav på respekt i høve til at kvar sak er viktig for den det gjeld. Me garanterar ekte engasjement i dei sakene me tek på oss.

Kvalitet
Me kan tilby kompetanse på dei fleste juridiske område, og kan visa til gode løysingar og resultat. Dette gjeld både for forretningsklientar og innanfor område som våre private klientar er oppteken av.

Mangfald
Våre kontor har medarbeidarar med ulik bakgrunn og kompetanse. Dette gjeld både fagleg og sosialt. Våre tilsette utgjer derfor for dykk som kunde ein samla ressurs som vil kunne tilpasse seg til dykkar behov innanfor dei fleste rettsområde og i dei fleste problemstillingar. I somme saker er det om å gjere å vera løysingsorientert, diskret og forhandlingsdyktige. I andre saker yt me bistand i tvistar der det handlar om å vise meir kompromisslaus handlekraft. Våre menneskelege ressursar er dermed tilpassa det mangfald av klientar og oppgåver som finnest i vår marknad.