Tvist om aksjar tok ei heilt anna vending

Av og til kan ei sak ta ei heilt anna vending enn kva ein rekna med på førehand. I ei sak i Sør-Trøndelag tingrett representerte advokatfirmaet Responsa AS ein mann som hevda han var eigar av 50 % av aksjane i eit selskap. Den andre eigaren var mannens tidlegare sambuar. Vår klient hevda han hadde fått aksjane som julegåve jula 2014, og førte prov for dette gjennom å leggje fram ein signert avtale samt andre dokument som klårt peika i retning av at han var eigar.

Eks-sambuaren meinte på si side at avtalen var tvinga fram gjennom vald og/eller trugsmål, og at den difor måtte være ugyldig som følgje av måten avtalen vart til på. Denne vinklinga på saka kravde ei heilt anna tilnærming til provsføringa. Etter å ha ført prov knytta til den kvinnelege eks-sambuaren sitt privatliv og relasjon til mannens familie, hennar tidlegare forretningsføring og økonomiske motiv i saka, konkluderte tingretten. Tingretten sa at «ho langtfra hadde sannsynligjort at avtale var inngått under tvang.»

Tingretten la såleis liten vekt på tidlegare politiforklaringar som vart lese opp i retten. I staden la retten stor vekt på vitner og såkalla tidsnære prov.

Advokat Sturla Vik Vestly, som førte saka for mannen, seier at saka er spesiell sidan det er veldig sjelden domstolane handsamer sakar kor den eine parten meiner at ein avtale vert inngått under tvang.

Saka er enno ikkje rettskraftig.