Skryt for nettside

Advokatfirmaet Responsa AS fekk pris for tredje beste nettside då Stord Mållag kåra det lokale næringslivets nettsider nyleg.

Alltid kjekt å få utmerkingar og skryt. I advokatfirmaet vårt skriv den enkelte advokat det målføre advokaten sjølv ynskjer, men dei fleste er oppvaksen i nynorskkommunar og det pregar firmaets kommunikasjon utad.

Godt språk er viktig. Ein advokat skal uttrykke seg tydeleg og presist. Me trur våre klientar er tent med at advokaten nyttar det målføre han/ ho er best på. Me takkar for utmerkinga frå mållaget og vårt mål er å oppretthalde godt språk uansett målføre våre tilsette nyttar.

Faksimile frå Bladet Sunnhordland 12. februar 2018