SAKSFELT

Advokatfirmaet Responsa AS tek på seg oppdrag innanfor dei fleste juridiske felt og har som mål å bli eitt av dei beste advokatkontora på Vestlandet innanfor fleire rettsområde. Om lag halvparten av advokatane våre arbeider hovudsakleg med forretningsjuridiske saker, der selskapsrett, insolvensrett (konkurs/gjeldsforhandling), entrepriserett og fast eigedom er mellom våre satsingsområde. Me har også omfattande kompetanse og erfaring innanfor barne-, familie-, barneverns-, straffe-, arve-, utlendings- og forvaltningsrett.

Våre advokatar har omfattande prosedyreerfaring. Dette gjeld både innanfor dei ordinære domstolane i både sivile saker og straffesaker, i jordskifteretten, og i domstolsliknande forvaltningsorgan som Fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker  og i kontrollkommisjon etter lov om psykisk helsevern.