PRIVATJUS

Fleire av våre advokatar har hovudsakleg juridisk arbeid for privatpersonar.

Våre advokatar har mange år med erfaring innanfor saksfelt som familie-, arve-, barne-, barnevern- og strafferett.

Våre kontor har tilflyt av denne type saker kvar einaste veke og våre advokatar vil kunne lose dykk som klient trygt gjennom slike faser i livet dersom du hamnar bort i slike spørsmål.

Advokatkonsultasjon i samband med tvist kring familierettslege problemstillingar kan vera avgjerande for at du skal kome vidare i livet med heva hovud og utan bitre tankar eller dårleg samvit. Slik konsultasjon vil då ha vore den beste investeringa du har gjort nokon gong!

Advokatfirmaet Responsa AS har også eit betydeleg antall saker som gjeld kontraktstvistar kor private er involvert. Særskilt har me meget god kompetanse på tvistar knytte til kjøp og sal av fast eigedom som ofte oppstår som følgje av at eigedomen ikkje var slik den var framstilt i annonse, prospekt og/eller avtale. I alle slike sakar er det strenge krav til rask reaksjon hos den som vil fremje krav slik at ein ikkje oversit fristar for reklamasjon. Det er derfor viktig å raskt involvere advokat i slike saker for å unngå at ein taper sitt krav avdi ein har venta for lenge med å fremje ein reklamasjon mot avtalemotparten.