Frifunne i ankeinstans

Ein mann busett i Stord kommune vart først domfelt i den lokale tingretten for å ha utøvd vald med skade til følge. Mannen anka til lagmannsretten og advokat Kjell Petter Neset prosederte i lagmannsretten for frifinning grunna naudverge og på at mannen ikkje hadde hatt forsett i høve til å skade den fornærma i saka. Den fornærma hevda å ha eit krav mot den tiltalte og fornærma hadde gått hardt til verks for å drive inn dette kravet. Den tiltalte vart trudd i lagmannsretten på at han var i ein situasjon der han var så pressa at han utelukkande hadde blitt fysisk for å kome seg unna situasjonen. Lagmannsretten fann ikkje prov for at tiltalte hadde hatt forsett i høve til å skade. I høve til lekamskrenkinga var det straffefritaksgrunn at den fornærma hadde opptrådt så brutalt han hadde gjort. Dette utgjorde provokasjon. Lagmannsretten slapp dermed å ta stilling til om det førelåg naudverge. Fritaksregelen om fritak pga provokasjon vart nytta.

Lokalavisa omtalte saka slik: Bladet Sunnhordland artikkel 01.02.18 (abo)