Dømt for svindel

Haugesunds Avis meldte nyleg om ei av mange saker som har oppstått siste åra der unge personar over tid har motteke urettmessig stønad frå NAV etter å ha gitt feile opplysningar. Som i mange liknande saker hadde livssituasjonen endra seg utan at NAV fekk melding om endringa og over tid blir den svindel som slike ytingar utgjer svært store beløp.

Konsekvensen for slike lovbrot er i stor grad fengsel der beløpa blir over 100 000 kroner. I den aktuelle saka var beløpet over 300 000 kroner og både mottakar og hennar sambuar må no sone etter dom. Advokat Kjell Petter Neset hos Advokatfirmaet Responsa AS var forsvarar i dei nemnde sakene. Neset opplyser at det er mange saker kvart år. – I dagens samfunn legg me att elektroniske spor på mange vis og eg trur personar som tek sjansen på å gi NAV og det offentlege feil informasjon som grunnlag for stønad har stor sjanse for å bli oppdaga, seier Neset.

NAV meldte i 2016 heile 122 personar for svindel bare i Hordaland. Bare i svindel av dagpengar eller arbeidsavklaringspengar var talet saker 93 i fylket og totalbeløpet svimlande 17,6 millionar kroner. Ved denne type lovbrot vil den som urettmessig mottek ytingar sjeldan bli høyrt med at han/ ho ikkje har forstått vilkåra for yting. Ein vert straffa både i forsettlege tilfelle og i aktløysetilfella.

Faksimile Haugesunds Avis 19.12.17